(+47) 93044506

Rongahuset

Rongahuset Bnb & Café

Bestill nå
Rongahuset

Rongahuset Bnb & Café

https://l.icdbcdn.com/oh/6cc475a4-61fc-4d28-a335-39e270cfc581.jpg?w=2080-0
https://l.icdbcdn.com/oh/98fa9339-c1f7-401d-9bf0-9317d45e61f0.jpg?w=2080-1
https://l.icdbcdn.com/oh/23c08b88-918c-4d9d-a0ff-9c129492dded.jpg?w=2080-2
https://l.icdbcdn.com/oh/9de4cd2c-659a-404e-bf34-4d9c9d5e7b76.jpg?w=2080-3
https://l.icdbcdn.com/oh/b32545ec-e4d9-4f87-ba9f-d883dea37f72.jpg?w=2080-4
https://l.icdbcdn.com/oh/52cb6dc3-0e9e-4f17-a85d-7965e034f294.jpg?w=2080-5
https://l.icdbcdn.com/oh/827672f5-7cfd-489c-83a2-c174a185402e.jpg?w=2080-6
https://l.icdbcdn.com/oh/a586fb1d-6cec-4e14-8455-9706ae7ba1a3.jpg?w=2080-7

Koselege gjesterom og ein artig kafe, i ein triveleg heim i hjartet av Vestlandet

Bestill nå

Rongahuset er heimen til ein familie – med tre gjesterom, eit kjøken der menneske møtest over gode måltid, og ein liten kafé som opnar dørene dei fleste helgane. Herfrå kan du utforske fjordar og fjell, oppleve konsertar og festivalar, eller prøve spennande ute- og inneaktivitetar i regionen.

Gjesterom:


Bu i eit av dei tre gjesteromma våre i tredje etasje, opp bratte, knirkete trapper – ein del av sjarmen til huset. Alle opphald inkluderer frukost, sengetøy, handklede og Wi-Fi. Middag på førespurnad. 

Gjestene våre er velkomne til å nytte kjøkenet, spisestova, stovene og musikkrommet – her kan de lage mat, lese, spele piano eller bli med på eit brettspel.

Dobbeltrom (1-3 gjestar) med eige bad frå kr 900 per natt
To rom (1-2/1-4 gjestar) med felles bad frå kr 750 per natt

Grunnpris for éin gjest + tillegg for fleire

Sjekk datoar og prisar her →

Kafé, pub og scene:


Store delar av året
Sundagar, kl. 12.00–18.00

Sommarsesong
Torsdag–sundag, kl. 12.00–18.00

Pubkveldar
Dei fleste laurdagar, til kl. 01.00


Vi serverar heimelaga mat av lokale råvarer med internasjonale smaker, god kaffi, økologisk saft og iskrem frå Alm Gard. Vegetarvenleg meny! Vi sel også lokalproduserte varer og brukte bøker.

Pubkveld til kl. 01 dei fleste laurdagar. Levande musikk og kulturarrangement frå tid til annan – følg gjerne med på Instagram for å sjå kva som skjer.

Bu og hjelp til hos oss


Vi tek imot frivillige hjelparar heile året. Som frivillig tek du del i kvardagslivet i familien, medan du hjelper til med gjesterom, husarbeid, måltid, gjester, hagearbeid og praktiske oppgåver.

Til gjengjeld får du bu i ein triveleg og fleirspråkleg heim, med vakre omgjevnader og høve til å oppleve turar, aktivitetar, og norsk kvardagsliv frå innsida – i tillegg til kost og losji på delt eller eige rom.

Les meir her eller ta ein kikk på Worldpackers-profilen vår.

Ta gjerne kontakt dersom du ikkje får bestilt dei datoane du ønskjer, eller dersom du har spørsmål.

Ring eller send ein e-post, så høyrer du frå oss så snart som mogleg!

Omtaler fra tidligere gjester:

Evanger – der Vosso møter Evangervatnet

Rongahuset ligg i idylliske Evanger sentrum, rett over brua frå E16. Evanger er ei lita bygd omgjeven av fjell, elvar og vatn, der den kjende lakseelva Vosso renn ut i Evangervatnet. Bygda var ein gong eit livleg kommunesenter med butikkar, hotell og bakeri, og har framleis sitt eige landhandleri – kjend for eit breitt utval lokale og italienske kvalitetsvarer, og for heimebaka kanelsnurrar og surdeigsbrød.

Det er berre ein kort spasertur frå Evanger stasjon til Rongahuset, og det er gratis parkering rett utanfor huset. Skisenter, vakre turstiar og ei rekkje inne- og uteaktivitetar i og rundt Voss ligg innan lett rekkevidde med bil eller tog.

Den vesle stranda ved Evangervatnet ligg berre to minutt unna, og vi har to kajakkar som gjestene kan låne når vêret er fint.

Følg @rongahuset på Instagram:

Bestillingsforespørsel

Dette nettstedet er beskyttet av reCAPTCHA og Google retningslinjer for personvern og Vilkår for bruk gjelder.

(+47) 93044506

©2026 Rongahuset Innehar alle rettigheter - Drevet avLodgify