Kafeen er open dei fleste søndagar frå påske til advent, og torsdag-søndag om sommaren.
Frå desember til påske held kafeen meir eller mindre stengt. Puben er open laurdagar året rundt, så lenge det ikkje er for kaldt.

Vi serverer heimelaga mat med internasjonale smakar, og har alltid noko vegetarisk på menyen. Så langt råd er bruker vi økologiske og kortreiste råvarer i sesong, og maten vi serverer er for det meste heimelaga frå grunnen av.
Kaffien vår er økologisk og nymalt, og vert laga på ein heilt manuell vintage italiensk maskin.
Vi har òg friske naturlege fruktsafter frå Safteriet, og den beste økologiske isen frå Alm Gard! Kafeen er søndagsopen mykje av året, og opnar fleire vekedagar om sommaren.
I kafeen og elles i huset har vi bøker, kunst, lokale produkt og bruktfunn til sals. Spør gjerne dersom du ser noko du ynskjer å kjøpa av bøker, kunst eller møblar. Eg har mange ting som ikkje er til sals, men eg har òg møblar og bøker som eg gjerne kan selja! Er du interessert i bøker, kan du kikke i bokhyllene, særleg bruktbokhyllene i kafeen, eller sjekke ut Bookis-profilen min.



